Laksefiske juli 09 HaĚŠvard Bøkko 164
Frå våren og ut heile hausten er hytta eit framifrå utgangspunkt for utflukter både til fots, på sykkel og med bil.

Kva med å vandra på kongevegen langs UNESCO fjorden – Nærøyfjorden for so å ta båt attende til Gudvangen? Like ved hytta den velkjende fjelltoppen – Jordalsnuten, eller kva med ein fottur til Fresvikbreen?

Om ein ynskjer kan ein køyra langt innover fjella på ein av dei mange stølsvegane. I botn av Nærøydalen renn den glasklare lakseelva Nærøydalselva der storlaksen vandrar oppover.