
Me kan tilby eit nytt feriehus bygd av naturmaterial som tre, naturstein og torv. Det vart lagt stor vekt på miljø då huset vart bygd og tilrettela området rundt. Det er stort uteareal rundt huset, med hage, utegrill murt av elvestein og stor parkeringsplass. Huset ligg i Nærøydalen med sin mektige og fasinerande natur ved foten av vegmonumentet Stalheimskleiva frå år 1849.
Huset ligg utan innsyn , men med eit mektig utsyn. Ein ser berre urørt natur frå huset, ingen inngrep i naturen. Eit svært godt utgangspunkt for turar til fots, sykkel og med bil. Me driv aktivt gardsbruk med mange dyreslag.
Opplev alt frå ro og harmoni til spennande utfordringar. Nyt kvarandres selskap ved knitrande peiseld, eller eit sjøvlaga gastronomisk måltid med urter frå hagen og bær frå skogen/fjellet. Lytt til fuglesongen og elvesusen i seine vår- sommar- og haustkveldar der du tenkjer igjennom dagens opplevingar.
Avslutt dagen med eit lindrande badstubesøk.
Vossestrandområdet i sin heilheit er eit eldorado for turgåing, sommar som vinter med sine mange fantastiste dalar, vatn, fjell og Fresvikbreen
På Oppheim er det og eit mindre alpinanlegg.(ca. 10 min. køyring) Det er ca. 35 min. køyring til alpinanlegga på Voss.
Dette er eit flott alternativ til jul- og nyttårsfeiring. Som oftast er det snø her på den tida. Kva med stjerneklar himmel og knitrande snø, og med levande juletre ute ??
Kontakt oss for fleire opplysningar, og me hjelper Dykk med eventuelle opplegg til aktivitetar og opplevingar.